Siste spelekveld før jul blei spelt måndag 17. desember. Denne gongen blei det eit oppgjer mellom Inger Marie Johansen - Vilhelm Berge og Thea og Bjørn Hauge. Til slutt var det Inger Marie og Vilhelm som toppa lista med + 17; 3 poeng meir enn Thea og Bjørn. Tredjeplassen gjekk til Linda Rasmussen - Åse Bauge.
Resultatlista ligg her
Første spelekveld over nyttår blir måndag 7. januar. Då er det ei simultanturnering som går av stabelen. Men før det har vi sjølvsagt nyttårsturneringa søndag 30. desember. Dei som ikkje alt har meldt seg på kan gjera det her eller til Leif på telefon 938 40 376.
Vel møtt søndag 30 desember, og god jul til alle!